Arkiv første år

12. oktober 1968 vart sommar-OL opna i Mexico City. Eg var tolv år den gongen, og hugsar mykje av det som skjedde. Ikkje minst er fantomhoppet til Bob Beamon i lengde eit minne som sit spikra. Han greidde 8,90 m., og slo den gamle verdsrekorden med 55 centimeter. Det skulle gå 23 år for nokon klarte å overgå dette resultatet....

Ein gammal rutetabell for Surnadal Billag kan framkalle mange nostalgiske minne. Eg fann denne i Tidens Krav for 11. januar 1961. Surnadal Billag brukte da over ei halv avisside på å gjere det som i dag framstår som eit imponerande breitt rutetilbodet kjent.

Fjellet Skoften i Hustadvika har ikkje meir enn 368 høgdemeter å slå i bordet med. Likevel byr den vesle toppen, som ligg så ope til i landskapet, på ei utsikt som nesten tek pusten frå ein. Rundskuet på toppen er overveldande vakkert. Ifølge turboka for Fræna, er det Skoften det fjellet i området som gir mest utsikt for minst innsats....

På ein laurdag kan det passe med litt 50 år gammal nostalgi. Eg klikka meg inn på Tidens Krav for 2. oktober 1971, og fann fleire innslag som vekte gamle minne.

I dag gratulerer vi Åge Hareide med 68-årsdagen. Gåva han fekk på forskot, cuptap for Viking, var nok ikkje det han ønska seg mest. Men han står det heilt sikkert over. For tida går det mykje betre i serien, der Riosenborg er ein del av det rekordjamne beitet i toppen. Dessutan er trofesamlinga allereie omfattande.