Min musikk

Eg har vore interessert i musikk i heile mitt liv. Det har vore eit langt løp, frå Finn Eriksen (sjå annan artikkel på denne sida) til country, rock, jazz, elektronika, klassisk og samtidsmusikk. Country ga eg opp tidleg, elles har eg framleis stor glede av dei andre nemnde sjangrane. Og berre for å ha gjort det klart: Eg greier ikkje ut med visesong, og avskyr kappspeling på blekkhorn - også kalla gla'jazz.

På denne sida kjem eg til å skrive epistlar, gjerne anbefalingar, om musikk som betyr noko for meg. Du får følgje med. Meininga er at det skal kome oppdateringar med korte og ujamne mellomrom.

«Musikk bør finnes i alle hjem, unntatt
i nabo-leiligheten»

Ivar Wallensteen 

The powerful and soulful voice has quieted. Never again will fingers fly over fluttering keys to conjure up the magical opening chords of «A Salty Dog».

Den mektige og sjelfulle stemma har stilna. Aldri meir skal flygande fingrar over flagrande tangentar trylle fram dei dirrande opningsakkordane på «A Salty Dog».

Er «For a Thousand Mothers» alle Jethro Tull-låtar si mor? Eg stiller ikkje spørsmålet for å lage eit heller dårleg ordspel, men fordi dette avslutningskuttet på albumet «Stand Up» frå 1969 i mine øyrer ber noko i seg som kan kallast eit minste felles multiplum for alt det som skulle bli gruppa sitt musikalske univers: Ein rocka melodi med...

Det er 51 år sidan gitargeniet Jimi Hendrix gjekk ut av tida. Han døydde 18. september 1970. Den offisielle dødsårsaka var overdose av sovetablettar og inhalering av oppkast. Men rykter seier også at han vart drepen av sin eigen manager, som etter å ha fora Hendrix med tablettar, skal ha helt rødvin ned i pusterøyret hans. Det er ikkje så...

Oppe på Tæla finst det ikkje stereoanlegg. Men hadde det vore mogleg å spele plater der, ville eg heilt sikkert ha tatt med ei utval av musikken til Arvo Pärt (1935 -) og Henryk Gorecki (1933-2010). Den første frå Estland, den andre frå Polen.

Eg har aldri vore nokon stor Rolling Stones-tilhengar. Men når Charlie Watts går bort i ein alder av 80 år, er det noko som vedkjem og rører alle oss som gjennom eit heilt liv har vore opptekne av rock.

Ved sida av det legendariske Mark II-mannskapet, har gruppa Deep Purple hatt ulike besetningar opp gjennom åra. Organist, pianist og komponist Jon Lord var med heilt frå starten i 1968, til han ga seg i 2002. Etter mi meining var Jon Lord, ved sida av trommeslagar Ian Paice, dei to einaste som ikkje kunne skiftast ut. På kvart sitt vis...

14. juni 1971 var ein måndag. Det var den måndagen Emerson Lake & Palmer ga ut «Tarkus». Med andre ord: For ein del av oss var det ein heilt spesiell dag. Sjølv om vi ikkje visste det der og da.