Ein halvt attgrodd hoppbakke. Men likevel eit monument over ein epoke i norsk hopphistorie. Det var her Toralf Engan trente seg opp til å bli verdas beste.
13. februar er det på dagen førti år sidan trønderen Rolf Falk-Larssen vart verdsmeister på skøyter på Bislett. Han gjekk til topps, trass i at han berre hadde nest beste poengsum.
Denne reaksjonen frå ein Aura Avis-lesar dukka opp som eit ti år gammalt minne på Facebook i dag. Eg vart nysgjerrig på kva eg hadde skrive, og gjekk inn i Aura Avis sitt arkiv for å finne det ut.
Alf Ramsøy (1925-2014) hadde fleire talent utanom det vanlege. Han utmerka seg med både ski og piggsko på beina, samtidig som han var tilsett ved Det Norske Teatret i åtte år. Så vidt vi veit, finst det ingen andre i landet som har dreve det så langt med ein slik kombinasjon.
Surnadal Samvirkelag kunne notere god omsetning og auka oppslutning i 1947. Min gamle nærbutikk, avdeling 3 Eidet, hadde også eit framgansrikt år, og var like ved å nå hundretusenkronersgrensa i omsetning.
Under Smånytt vart det nyleg lagt ut stoff frå ein Nordmørskveld i Surnadal i 1933. Kvelden vart overført på radio. Ein del av programmet var prologen til Peder Hals, som vart gjengitt i Tidens Krav 17. januar 1933. Vi legg den ut her på Skrivemaskineriet Vebju også. «Mektig og stemningsfull», skreiv Tidens Krav. Det er ikkje vanskeleg å vere...