1982: Hytteturistane i sunndalsfjella snødde inne

11.04.2022

Vi er inne i den stille veka. Dei siste dagane har vore prega av uver. Enorme mengder med nysnø har kome i fjellet.

Påsker med dårleg ver og føre kjem frå tid til anna. I 1982 var forholda enkelte stader ekstreme. I Tidens Krav for 13. april 1982, som var dagen etter 2. påskedag, kan vi lese at ein del av dei som feira påske på hytta i sunndalsfjella vart sittande verfaste.

Det vart vurdert helikoptertansport for å få frakta folk ned frå fjellet.

- Eg har aldri opplevd maken til dårleg ver som det vi no har hatt før og i påska, uttala Arne Løntjern i Torbudalen hytteeigarforening.

Eit følge på 70 påsketuristar samla seg 2. påskedag for å gå i samla flokk mot Sandvatnet. Det viste seg at vegen mellom Sandvatnet og Dalen var attsnødd. Dermed vart det ei ekstra mil å gå for skiløparane. Enkelte hadde førebudd påske ved å ta med bilen opp til Sandvatnet. Desse bilane vart ståande igjen, fullstendig nedsnødde.

Ifølge avisartikkelen vart det også bruka helikopter til å frakte påsketuristar, i alt 22, til fjells måndag før påske. Meininga var å halde fram med denne transporten dagen etter, men det sette veret ein stoppar for. Resultatet vart at mange familiar vart splitta i påskehelga, da dei ikkje reiste med helikopteret samla måndag.

Snøfallet skapte store utfordringar i heile Sunndal. I Innerdalen kom det 90 cm nysnø frå skjærtorsdag og til 2. påskedag.