35 år sidan Gro skreiv likestillingshistorie

09.05.2021
Gro Harlem Brundtland si regjering, som vart utnemnt 9. mai 1986. Oppsettet er frå avisa Finnmarken. som vart
Gro Harlem Brundtland si regjering, som vart utnemnt 9. mai 1986. Oppsettet er frå avisa Finnmarken. som vart

Etter at statsminister Kåre Willoch hadde stilt kabinettspørsmål og fått stortingsflertalet imot seg i ei sak om økonomiske innstrammingar, vart Gro Harlem Brundtland si andre regjering utnemnt 9. mai 1986.

Denne regjeringa vekte internasjonal oppsikt, da heile åtte av dei 18 statsrådane var kvinner. For 35 år sidan var det sensasjonelt og banebrytande. Kvinneregjeringa, som Brundtland II-regjeringa også vart kalla, er rekna for å vere ein milepel i likestillingsarbeidet her til lands.

Gro Harlem Brundtland er ein av dei mest markante politikarane i Norge etter krigen, og fekk etter kvart tilnamnet «landsmoderen» Ho var statsminister i til saman 10 år 1 månad og 9 dagar, fordelt på fire bolkar. Berre Einar Gerhardsen (17 år og 17 dagar) og Johan Nygaardsvold (10 år, 3 månader og 5 dagar) har lengre fartstid som regjeringssjefar.

Gro stilte til val som statsminister eller statsministerkandidat for Arbeiderpartiet i 1981, 1985, 1989 og 1993. Paradoksalt nok tapte ho tre av desse fire vala. Arbeiderpartiet sitt valresultatet i 1989 var t.d. det dårlegaste sidan 1930. Stortingsval var faktisk ikkje maktpolitikaren Gro Harlem Brundtland si sterke side.