35 år sidan ordet becquerel vart ein del av daglegtalen

26.04.2021

Våren for 35 år sidan vart vi nordmenn godt kjende med namnet på ei måleeining dei færraste fram til da hadde høyrt om, becquerel. Tsjernobyl-ulykka 26. april 1986 skulle kome til å påverke livet i mange land i Europa. Eksplosjonen ved atomkraftverket spreidde store mengder med radioaktivitet over m.a. Norge.

For å seie det enkelt, er becquerel eit uttrykk for mengde utsendte radioaktive partiklar per sekund. Norske bønder og reineigarar fekk oppleve at mengdene som hamna i Norge, i særleg grad radioaktivt cesium, var så store at dei trua dyrehaldet. I kjøtt frå reinskalvar vart det målt opptil 40.000 becquerel per kilo, og i sauekjøtt på det meste 10.000 becquerel per kilo. Etter at styresmaktene sette grensa til 600 becquerel per kilo, vart det nødvendig med nedforing av både sau og tamrein.

Eg jobba i avisa i Fylket i Molde på denne tida, og hadde nær kontakt med både bønder og landbruksorganisasjonar i Møre og Romsdal. Særleg slakterisamvirket fekk ein stor jobb med organisering av nedforinga. Situasjonen var nesten uverkeleg. Plutseleg var landbruket i vårt fylke ein del av den store verda.

Tsjernobyl-ulykka er den verste kjernekraftulykka i historia. 28 arbeidarar ved anlegget omkom p.g.a. akutt stråleskade, og seinare døydde 19 til. Truleg har fleire hundre tusen personar opp gjennom åra døydd som følge av seinskadar.