500 på stemne i 1972: Femti år sidan eg avslutta karrieren i skulekorpset
Mange av oss som gjekk på skulen på 60- og 70-talet har ei fortid som skulekorpsmusikantar. Eg avslutta min karriere som trompetist i Surnadal skulekorps i desse dagar for femti år sidan.
Punktum vart sett med eit stemne på Tingvoll, som var mitt fjerde. Eg ser av Tidens Krav sin reportasje at vi faktisk var fem hundre som deltok. Det er verdt å merke seg at alle desse musikarane utelukkande kom frå skular på Nordmøre. Skulekorpsa stod sterkt på denne tida.
Tidens Krav sin utsendte på kyrkjekonserten trekker fram Sunndal Ungdomskorps som «noe bedre enn de andre». Det var nok ein heilt rett konklusjon. Sunndal ungdomskorps var verkeleg gode. Vi andre såg opp til dei.
Surnadal skulekorps får ros for framføringa av «Våren» av Grieg. Også Utheim Skolemusikk og Bremsnes Musikkorps får skryt.
Stemna gjekk over to dagar, og var det store høgdepunktet i korpssesongen. Vi øvde lenge på repertoaret, og stilte alltid skjerpa under Trond Larsen si kyndige leiing. Den vanlege køyreplanen var festkonsert laurdag kveld, og så speling på bygda, kyrkjekonsert, oppmarsj og friluftskonsert søndag.
Eit stemne handla elles om meir enn musikk. Vi fekk dra ut på tur, og vart kjent med jamaldringar frå andre delar av Nordmøre. Overnattingane i sovepose på golvet i klasserom rundt om på skulane opplevde vi som svært eksotiske. Dei som var med som leiarar, såg nok annleis på saka. Det vart som regel så som så med søvnen.
Under stemnet på Tingvoll fekk fire korpsmedlemmar frå Surnadal bronsemedalje for å ha deltatt på fem stemne. Desse var Rune Forslund, Gjertrud Løset, Marit Kristiansen og Odd Magne Gulla. Sjølv fekk eg mi femårsmedalje seks år seinare på eit stemne på Eide, etter ein vinter som stortrommeslagar i Surnadal Hornmusikk.
I 2021 samla skule- og vaksenkorps i Norge 56.052 musikarar. Desse var fordelt på 1.625 korps. Eg kjenner ikkje til tala for 1972, men det vi veit er at korpsrørsla har vore prega av tilbakegang gjennom ein del år.
I mi tid som skulekorpsmusikar var det vanleg med fleire korps i same kommune. Ein periode var det tre i Surnadal. Av desse deltok også korpset frå Mo på Tingvoll. Sunndal og Tingvoll hadde også fleire. Eg meiner at Averøy hadde fire skulekorps på denne tida.
På 60- og 70-talet handla fritidstilboda stort sett om korps, fotball og ski. I dag er det mange fleire som konkurrerer om tida til barn og unge. Tidene forandrar seg. Slik er det berre. Tida i skukekorpset ga meg mange gode minne. Pluss ein god del lærdom, som eg har hatt god bruk for gjennom livet.