70 år sidan den store folkefesten

14.02.2022

Berre sju år etter at krigen var over, arrangerte Norge vinter-OL. 14. februar 1952 vart dei sjette olympiske vinterleikane opna med Oslo som vertsby.

Ein skulle kanskje tru at eit land midt i ei krevjande gjenoppbygging hadde andre oppgåver å tenke på. Men dei politiske styremaktene i Norge, med den idrettsinteresserte Einar Gerhardsen i spissen, meinte at eit OL var noko vi trengte.

I realiteten vart avgjerda om å legge vinter-OL til Norge i 1952 tatt allereie i 1946. Det skjedde i eit lukka møte mellom statsminister Gerhardsen og to framståande idrettsleiarar, Rolf Hofmo og Olaf Helset. Føresetnaden for at Norge tok på seg OL, var at arrangementet ikkje skulle belaste statsbudsjettet eller skattebetalarar i andre delar i landet. Den offisielle tildelinga skjedde på IOC-kongressen i Stockholm i 1947. Beslutningsprosessane var ikkje så kompliserte på denne tida.

Prislappen på OL i 1952 var kalkulert til 15 millionar kroner, som i dag tilsvarar ca. 260 millionar kroner. Til samanlikning var eit OL i Oslo i 2022 rekna til å koste det offentlege rundt 22 milliardar kroner. Ein oversikt frå NRK viser at Norge i ein periode brukte 330 milllionar kroner på å søke om OL i 2014, 2018 og 2022.

Leikane i Oslo i 1952 vart ein gedigen folkefest. Til saman var det 541.407 betalande tilskuarar på dei olympiske anlegga i dagane 14.-25. februar. Hopprennet i Holmenkollen hadde åleine meir enn 100.000 tilskuarar.

Oslo-OL vart også ein opptur for norske idrett. Norge vart beste nasjon og tok i alt 16 medaljar. Av desse var sju gull. Hjalmar «Hjallis» Andersen vart OL-konge med tre gull på skøytebanen. Dei andre norske gullvinnarane var Arnfinn Bergmann (skihopping), Hallgeir Brenden (18 km langrenn), Stein Eriksen (storslalåm) og Simon Slåttvik (kombinert).

694 idrettsmenn og -kvinner frå 30 land deltok under OL i Oslo. Etter ein del diskusjon i forkant, vart det bestemt at Japan og Tyskland skulle få delta. Det var knytta stor spenning til korleis det norske publikummet ville reagere. Det viste seg at den tyske troppen, 41 menn og 12 kvinner, vart møtt med vennleg applaus under innmarsjen på Bislet. Dette fekk den svenske journalisten Tore Nilsson til å skrive: «Den första olympiske segeren 1952 hadde gått til Norge. En seger som inte ger någon gullmedalj, men i stället en hel världs beundran».

Kjelder:
Wikipedia.
Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad: Historien om vinter-OL bind 1 1924-1988.

(Klikk på bilda under for å sjå dei i fullt format).