«Å være i kommunestyret betrakter jeg som en frikveld»
Kommunestyremøte midt i fjøstida kan vere eit problem for folkevalde bønder. Men ikkje alle har opplevd det slik.
Da Surnadal kommunestyre i januar 1968 skulle drøfte møtetida, som da var klokka fem på ettermiddagen, kom Olav Jostein Holten (Sp) ifølge Tidens Krav med dette innlegget:
«Å være i kommunestyret betrakter jeg som en frikveld. Derfor sender jeg kona i fjøset for å sørge for mat og mjølking.»
Holten meinte kanskje å vere humoristisk. Det er ikkje godt å seie. Men hadde nokon kome med eit slikt innlegg i dag, spøk eller ikkje, ville det nokså sikkert ha utløyst reaksjonar. Det skjedde ikkje. Tvert om. Tidens Krav skriv:
«For de som har problemer med fjøsarbeidet, syntes Holtens kloke eksempel å vekke gehør, hvis man skal dømme etter de folkevalgtes spontane reaksjon med klappsalver.»
Ja, tenk det. Applaus. Surnadal kommunestyre var ei svært mannsdominert forsamling for 55 år sidan. Dei få kvinnene som sat i salen applauderte truleg ikkje. Men ingen tok heller til motmæle. Av og til går verda framover.
Frå mi første tid som journalist på slutten av 70-talet, hugsar eg kommunestyremøta i den røykfylte kjellaren i kommunehuset på Enge. På denne tida starta Halsa kommunestyre møta sine klokka ti på formiddag.
Møta var delt inn i to økter. Mellom desse, rundt klokka eitt, var det lunsj på pensjonatet like ved. Den tok i alle fall ein time. Deretter heldt møtet fram utover ettermiddagen. Eg høyrde aldri nokon ottast for fjøsstellet. Tvert imot opplevde vi på pressebenken at representantane vart meir og meir taletrengte dess lengre på dag det leid.
Teorien vår var at dette var ein uthalingstaktikk for å sleppe fjøsstellet. Eg må understreke at dette berre var gjetting. Men eg trur vi hadde rett.
Det første kommunestyret eg dekte i Halsa, skulle for øvrig bli eit av dei lengste eg nokon gong opplevde i mi tid som pressemann. Dette var sommaren 1977. Den einaste saka som stod på kartet var planane for vegsambandet over Valsøya. Seansen starta med befaring i båt klokka ti. Båtturen varte fram til lunsj. Deretter heldt politikarane det gåande med oppheita debatt og mykje nikotin fram til klokka åtte om kvelden.
Ingen rakk fjøset. Gardkjerringane som gjekk heime og venta, var neppe overraska.