Ei absurd nettside – og eittårsjubileum for nedstenginga

Det er nøyaktig eitt år sidan koronaviruset tvinga styresmaktene til å stenge ned landet. 12. mars 2020 vart ein dag for historiebøkene. Aldri før hadde så inngripande restriksjonar vore sett i verk i fredstid.
Etter som nyheitssendingane i løpet av veka hadde vorte stadig meir prega av pandemien, forstod vi at noko ville skje. Pressekonferansen der tiltaka vart gjort kjent, var likevel ein seanse som gjorde eit sterkt intrykk. Med eitt var kvardagen totalt endra. Restriksjonar og reglar som ingen hadde fantasert om, var plutseleg ein brutal realitet.
12. mars 2020 vart ein svært spesiell dag også i redaksjonen i Aura Avis. Bildet viser ein skjermdump eg tok av fronten på auraavis.no ut på dagen. Eg la bildet ut på Facebook og skreiv over: «Etter 43 år i media kan jeg bare slå fast følgende: Noe mer absurd har jeg aldri opplevd. Dette er fronten på auraavis.no torsdag 12/3 kl. 13».
Pandemien tok heilt styringa over oss. Folk fekk aldri nok korona-informasjon, og dei første døgna etter nedstenginga vart arbeidsdagane på både 16 og 17 timar. Etter eitt år med pandemi er det publisert meir enn to tusen koronarelaterte artiklar på Aura Avis si nettutgåve.
Marsdagane i fjor var prega av stor uvisse. Ingen visste heilt korleis viruset ville te seg framover. Vi førebudde oss på at det ville ta tid før covid-19 var nedkjempa. Men at situasjonen skulle vere like dramatisk eit år seinare, var det nok berre dei færraste som kunne sjå for seg. Same dag som landet vart stengt ned, skreiv eg i ein kommentar: «Det kommer nok til å gå bra. Til slutt. Men ingen vet hvordan veien videre ser ut, eller hvor mange som blir syke. Tanken er ubehagelig, men ikke til å komme unna.»
Nei, ingen slapp unna. No lovar Solberg, Høie, Stoltenberg og Nakstad at det berre gjenstår ein motbakke før landet kan opnast igjen. Eg vel å tru på dei. Ja, eg orkar rett og slett ikkje noko anna.