Kampen om luke nummer 24

02.12.2021

På kjøkkenbenken står ein adventskalender. Kalenderen er ein basargevinst. No skal eg og Mette kose oss med å opne ei luke kvar dag framover. Små barn har store gleder.

Kalenderen minner meg om barndommen, og den store forventninga ein adventskalender kunne framkalle. Eg hugsar faktisk den aller første. Bak kvar luke låg ein liten ting av plast. Det gjekk mest på grantre, nissar, kornband og den slags. Klimaks kom 24. desember. Den luka var ekstra stor. Inni låg eit Jesusbarn i krybba si.

Seinare vart det kalendrar med sjokoladebitar i ymse fasongar bak lukene. I ei tid der der det ikkje skulle sløsast, måtte eg og eldste bror min dele på kalenderen. Etter ein diskusjon i lite diplomatiske former vart det avgjort kven som skulle åpne den lite ettertrakta luke nummer ein. Han vart taparen. Den som vart med partala fekk opne luka på julaftan. Der låg den største sjokoladen.

Eg og Mette vart raskt einige om at ho skulle få partala og dermed den gjevaste tingen, som vi håpar og trur er ein sjokoladebit forma som eit Jesusbarn. Eg trøystar meg med at det blir jo tolv bitar på kvar, uansett. Dessutan er ikkje eg så oppteken av å ete gebursdagsbarnet.

PS: Vi må bruke ein skarp kniv for å lirke ut sjokoladebitane. Basargevinsten er tydelegvis ein kalender for vaksne.