Alle kan ikkje rope på staten

13.05.2022

Først kom koronaepidemien. Ikkje før var den under kontroll, så kom krigen i Ukraina. I Norge eksploderte prisane på straum og drivstoff.

Det har vore nokre ekstraordinære år. Den norske staten har delt ut ei utal med krisepakkar, innehaldande eit formidabelt antal milliardar kroner. Vi er heldige som har oljepengane. Det er ikkje så mange land i verda som kan halde på slik som dette.

Prishoppet på straum og drivstoff rammar hushaldningane sin økonomi. Sjølv i eit rikt land som vårt, er det mange som lever på ein økonomisk knivsegg. Ein tusenlapp eller to i uventa meirutgifter på ein månad, blir den vesle tua som veltar heile lasset.

I Norge er folk jamnt over så økonomisk velfødde, at det for ein del kanskje er vanskeleg å sette seg inn i ein slik situasjon. Men fattigdommen er slett ikkje utrydda i det norske samfunnet. Tvert om. Det må vi ta på alvor. Hvis omgrepet velferd skal ha eit reelt innhald, er det sjølvsagt at det offentlege stiller opp for å hindre økonomisk havari for dei som har minst.

Men skal staten hjelpe alle som plutseleg får uforutsette utgifter? Når ein høyrer på enkelte politikarar, får ein inntrykk at det er noko vi må forvente. Men slik kan vi da ikkje ha det.

For slik har det aldri vore før, heller. Gjennom alle tider har ein grunnleggande leveregel for folk vore at tæring må settast etter næring. Vi som kjøpte hus på sist på 80-talet tok opp lån til over 16 prosent i rente. Ei netto månadsløn gjekk med til å betale renter og avdrag til banken. Ingen, heller ikkje politikarar, ropa på staten. Derimot vart det ikkje så flust med sydenturar og dyre restaurantbesøk. Forbruket måtte tilpassast det som var igjen når faste utgifter var betalt.

«Ei netto månadsløn gjekk med til å betale renter og avdrag til banken»

Eg unner ingen å ha dårleg råd. Pengemangel over lang tid er ikkje bra verken for helse eller livskvalitet. Samtidig kan eg ikkje fri meg frå tanken på at ein del av dei som no ropar ulv, faktisk har ein del å gå på økonomisk. Om dei vil. Det krevst berre nokre ubehagelege val, og ei erkjenning av at ein ikkje til ei kvar tid kan kjøpe akkurat det ein har lyst på. Dersom ein familie på fire droppar sydenturen, blir det fort 50.000 kroner spart. Berre som eit eksempel.

Politikarane skal gi hjelp til dei som treng det. Men dei må også ha mot til å seie til vanlege folk at vi av og til må finne oss i å stramme inn livreima. Auka hushaldningsutgifter, enten det no dreier seg om straum, drivstoff eller mat, kan ikkje automatisk utløyse tiltak frå staten, slik enkelte på Stortinget tydelegvis meiner.