Av og til må livet luftast. Da hjelper det med gode minne

01.07.2022

Av og til er jeg nødt om
å ta livet mitt med på
en aldri så liten luftetur.

Orda er ikkje mine, men kjem frå Hans Børli. Eg tykkjer dei tre linene inneheld ein god leveregel. Frå tid til anna er det både viktig og nødvendig å kome seg ut «for å lufte vetet», som dei seier her ute i Bud.

Normalt skulle eg ha hatt gode dagar oppe på Tæla no. Men når reviret mitt for tida er meir begrensa enn vanleg, lyt det bli med korte spaserturar og rolege turar på sykkelen i nærområdet.

Så hender det i tillegg at eg tek ein og annan lufteturen i bildemappene på PC'en. I går dukka det opp eit minne på Facebook frå Tæla-turen eg hadde i månadsskiftet juni/juli i fjor. Eg gjekk inn på bildearkivet mitt, og fann mange trivelege bilde frå turen. Nokre av dei deler eg her.

Eg hugsar godt kvelden da eg kom opp. Veret var framifrå. Eg pakka ut, tok med med handduk, såpe og litt drikke og gjekk ned til Fossåa. Etter badet vart eg sittande på berget ovafor fossen i meir enn to timar. Tankar i fri flyt. Sommarkvelden sitt lys. Sommarkvelden sine lydar. Sommarkvelden sin ange. Berre eg og Tæla. Seinare installerte eg med på hytteverandaen, og vart sittande ute til det leid mot midnatt.

Slike kveldar festar seg i minnet som heilage stunder, fylt av fridomskjensle og rikdom.

Laurdagskvelden kom mine gode ven Bjarne til fjells. Han hadde med god mat og prima drikke. Det vart eit lite kalas oppe i Telheim. Som i ungdomstida, strekte vi stunda langt inn i natta. Vi seier ofte at tida går fort i godt lag. Av og til opplever ein at innhaldet i munnhellet blir svært så verkeleg.

Eg ser fram til opplevingar som dette neste sommar. I mellomtida får eg passe på at livet får dei lufteturane det treng på andre måtar.

Klikk på bilda under for å gjere dei større.