Forfattarar på sign(er)ingsferd

05.12.2021

Eit minne på Facebook får meg til å tenke på bøkene eg, Erling og Torbjørn skreiv saman. I fleire år var desember tida for sal og signering. Bildet som kom opp i dag er frå 5. desember 2015, da vi sat utanfor Rema i Surnadal. På det tidspunktet hadde vi to bøker å tilby, Kvenndalsboka og Søyådalsboka. Seinare skulle det kome tre bøker til.

Framleis finst fire av bøkene på lager. Vi har gått ut med eit godt tilbod no til jul. Dette kan du studere ved å klikke på bildet til høgre.

Om du vil lese meir om historia bak dei fem bøkene, klikkar du deg inn på denne sida.