Trass i sterk nordisk motstand: 98 år sidan det første vinter-OL

25.01.2022

25. januar 2022 er det på dagen 98 år sidan dei først olympiske vinterleikar vart opna i Chamonix i Frankrike. Norge sendte ein tropp på 14 utøvarar, 13 menn pluss kunstløparen Sonja Henie. Ho hadde dette tidspunktet enno ikkje fylt tolv år. I Chamonix vart det konkurrert i 16 øvingar i ni ulike idrettsgreiner.

Kontrasten til årets vinter-OL er enorm. Til Beijing sender Norge 82 deltakarar. Kjønnsbalansen i troppen er ein heilt annan enn i 1924. I Kina skal det konkurrerast i 109 øvingar i 15 ulike idrettsgreiner.

Innføringa av vinter-OL skjedde etter sterk motstand frå dei nordiske idrettsleiarane. Dei frykta at store meisterskap som EM og VM på skøyter, Holmenkollrennet og Nordiska Spelen ville hamne i skuggen av nyskapningen. Den nordiske motstanden gjorde at vinter-OL i første omgang vart innført som ei prøveordning, og at leikane i starten fekk namnet «Den internasjonale vintersportsuken». Først under IOC-kongressen i 1926 fekk «vintersportsuken» i Chamonix i 1924 status som dei første vinterolympiske leikar.

Det er mykje ein kunne ha sagt om dagens gigantomani, og den stadige tildelinga av store idrettsmeisterskap til land styrt av korrupte og totalitære regimer. Vi let det ligge her, og tek heller eit tilbakeblikk på det som skjedde i Chamonix i 1924.

Norge vart den heilt dominerande nasjonen i desse leikane. Vi tok fire gull, sju sølv og seks bronse, til saman 17 medaljar. Thorleif Haug vann 18 km langrenn, 50 km langrenn og kombinert. I tillegg oppnådde han seg ein 4. plass i det spesielle hopprennet, som vart vunne av Jacob Thullin Thams. Vinnaren nådde 49 meter i begge sine hopp.

Ein artikkel i avisa Varden i Skien fortel om eit hopprenn som ikkje var så stivbeint og formelt som det vi ser i dag. Etter at det spesielle hopprennet var ferdig, slo nordmennene seg laus med nokre ekstrahopp. Avisa beskriv dette som «dagens clou». Farten var sett opp, og Thoralf Strømstad, Jacob Tullin Thams og Narve Bonna slo alle til med hopp på 57,5 meter.

Løparen Einar Landvik skildra i Varden bakken i Chamonix som «imponerende, dog uten at profilen er helt ideell. Den er litt høiere og brattere end Rjukanbakken. Kulen er daarlig avrundet. Ellers er overgangen til sletten ganske bra. Der er reklameret med hoplængder optil 68 meter».

Nivået i hopprennet var svært varierande. Ein franskmann hoppa 25 meter, medan «sydlændingernes hoplængder lå omkring 30 meter. De øvrige utlændinger hoppet omkring 40 meter».

Femmila i Chamonix er rekna for å vere ei av dei hardaste som nokon gong er arrangert. Chamonix ligg på litt over tusen meter over havet. Løypetraseen gjekk opp til nesten to tusen meter. På ei strekning på berre to kilometer, skal det ha vore ei stigning på 600 høgdemeter. Løparane måtte også ned igjen frå dei høgste partia. Løpet var prega av mange stygge fall. Til og med vinnaren Thorleif Haug hadde 25 fall.

Medan dei norske skiløparane håva inn medaljar, gjekk det tyngre for skøyteløparane. Roald Larsen tok fem medaljar og Sigurd Moen ei. Men ingen av dei klarte å gå heilt til topps. Roald Larsen er framleis den einaste skøyteløparen som har tatt fem medaljar i eit OL, utan å vinne gull. OL i 1924 er det einaste der det også var delt ut samanlagtmedaljar i skøyteløp.

Dei norske avisene rapporterte om det som skjedde i Chamonix. Om femmila skriv Trondhjems Adresseavis m.a.: «Skiløpet over 5 mil i dag blev en stor, rungende norsk triumf, hilst med saa megen større glæde i den norske trop som den kom som en velkommen balsam paa de «skamfilede» anseelse efter skøiteløpene».

Finnane mislykkast fullstendig på femmila. Dei var heilt uvande med det brutale, alpine terrenget. I Trondhjems Adresseavis heiter det: «Finnerne har lavet et voldsomt braak, de er rasende over at løipen var så vanskelig. De skriker om protest. Svenskerne Nordenson og Sixtus Jansson har dog for formaadd at avholde dem fra dette».