Charles de Gaulle stoppa den norske EEC-debatten

02.05.2022

2. mai 2022 er det på dagen 60 år sidan Norge for første gong søkte om medlemsskap i EU.

Organisasjonen het den gongen EEC, før det vart EF og til slutt EU. Den norske ambassadøren i Brüssel, N. A. Jørgensen, overrekte den norske søknaden til EEC sin generalsekretær, Christian Calmes klokka 12 2. mai 1962.

Stortinget vedtok våren 1962, med stort fleirtal, at Norge skulle endre Grunnloven og søke om medlemsskap i EEC. Nokon medlemsskapsdebatt vart det derimot ikkje. President Charles de Gaulle i Frankrike la ned veto mot både norsk og britisk medlemsskap i EEC.

Det same gjentok seg i 1967. Norge, da med ein statsminister frå Senterpartiet, søkte saman med Storbritannia, Danmark og Irland på nytt om medlemsskap. Men igjen bruka den franske presidenten vetoretten, og stengte døra for Storbritannia. Med det vart også vidare forhandlingar for dei tre andre landa avlyst.

Klikkar ein seg rundt i dei norske avisene frå våren, går det tydeleg fram at EEC-saka var lite kontroversiell i 1962. Artiklane er nøkterne. I Tidens Krav vart overleveringa av medlemsskapssøknaden i 1962 omtala i ein liten notis på side 1 (bildet).

Så skulle det seinare bli andre bollar. Norge sendte i 1970 på nytt søknad om medlemsskap. Det som har vorte karakterisert som den til da mest bitre striden i etterkrigstida, kulminerte med folkeavrøystinga i 1972. Der sa 53,5 prosent nei til medlemsskap, og 46,5 prosent ja.

I 1994 var det på'n igjen. Norge søkte om medlemsskap i EU i 1992. Fram mot folkeavvrøystinga i 1994, som ga nei-sida 52,2 av stemmene, rasa ein debatt som vel enno sit friskt i minnet hos mange.

Dei opprinnelege medlemslanda i EEC var Belgia, Nederland, Luxembourg, Italia, Frankrike og Vest-Tyskland. I dag er 27 land medlemmar i EU. I Norge ser vi no teikn til ein ny medlemsskapsdebatt. Korleis denne vil utvikle seg, gjenstår å sjå.