«Dæm ska skrem oss no»

21.08.2021

21. august er det 53 år sidan Tsjekkoslovakia vart invadert av ein halv million soldatar frå Warszawapakt-landa Sovjet, Polen, Ungarn og Bulgaria. Det kommunistiske partiet i Tsjekkoslovakia eksperimenterte med demokratisering og andre reformer. Det skulle ikkje storebror Sovjet ha noko av.

Invasjonen sette ein støkk i ei heil verd. Når stormakta i aust viste musklar, skapte det frykt.

Eg hugsar at eg var med far min på bua denne dagen i 1968. Der trefte vi Stinus Melling. Karane kom i prat om dei utrivelege nyheitene frå Tsjekkoslovakia.

«Dæm ska skrem oss no», sa Stinus.

Desse alvorsorda gjorde inntrykk på ein 12-åring.