Dårleg begrunna, småleg og umusikalsk

01.03.2021

Eg er blant dei som meiner at moldeordførar Torgeir Dahl jamnt over er ein god talsmann for byen sin og romsdalsregionen. Men denne helga klikka det for Høgre-mannen.

Angrepet på Oslo si handtering av pandemien verkar utan mål og meining - og fullstendig uovertenkt. Da motbøren etter utspelet nokså fort begynte å melde seg, tenkte eg at ordføraren kanskje ville prøve å ro seg inn før skaden vart uoppretteleg. Men det motsette skjedde. Fadesen vart toppa i Politisk kvarter måndag morgon, der Dahl hadde lite eller ingenting å stille opp med mot Oslo sin byråd for helse, Robert Steen.

Dei som sit i ansvarlege posisjonar må tåle kritikk. Eg oppfattar da heller ikkje verken Raymond Johansen eller Robert Steen som spesielt hårsåre personar. Men i ein betent situasjon, der oslosamfunnet og dei som bur der så å seie er på felgen, burde Dahl ha vore meir forsiktig.

Kritikken mot Oslo er dårleg begrunna, småleg og umusikalsk. Tidspunktet for utspelet kunne heller ikkje ha vore verre. Det kom samtidig med at Oslo måtte gripe til ei ny nedstenging.

Det er ubegripeleg at moldeordføraren, frå sitt utsiktspunkt femti mil unna, i den situasjonen finn det formålstenleg å opptre som dommar og betrevitar.