Damefotballen mot nye høgder: Ein liten flik av historia tilhøyrer Rindal

23.07.2022

Dei siste par vekene har eg sett mykje damefotball på TV. Nivået blant dei beste laga i EM er skyhøgt. Kvartfinaleoppgjøret mellom England og Spania trur eg må vere ein av dei mest engasjerande fotballkampane eg nokon gong har opplevd.

Når eg ser på EM-kampane i England, går tankane tilbake til damefotballen sin barndom. Tidleg på 80-talet var Troll frå Rindal eit av dei beste laga her i landet. Som journalist var eg på denne tida ofte i Rindal og dekte kampane til laget. Det var artige oppdrag. Kampane var reine folkefestane.

Det som sidan den gongen har skjedd med damefotballen, nasjonalt og internasjonalt, er rett og slett litt av ei reise. Det er nesten utruleg å tenke på at ein liten klubb frå skibygda Rindal spela ein viktig rolle i starten av utviklinga. Ja, ein liten flik av historia tilhøyrer Rindal.

Den store forgrunnsfiguren på Troll-laget var Eli Landsem. Som 17-åring vart ho i 1979 tatt ut på landslaget, eitt år etter at det første kvinnelandslaget vart oppretta. Norge skulle møte Sverige, Danmark og Finland i ei nordisk turnering i Fredrikstad. Eli Landsem var på dette tidspunktet gymnasiast i Orkdal, og spela for Orkdal.

Men seinare vart det altså Troll, der ho var motoren i oppbygginga av det som i ein periode skulle bli eit storlag.

Etter at Troll-eventyret var over, gjorde Eli Landsem karriere som spelar i Asker, der ho vart dobbelt seriemeister og dobbelt cupmeister som spelar. Som trenar for klubben oppnådde ho to seriegull og eitt cupmeisterskap. I i tillegg til Asker har ho vore innom ei rekke andre klubbbar som trenar, blant desse danske Fortuna Hjørring. Ei tid kunne vi høyre rindalingen som ekspertkommentator på TV.

Eli Landsem står bokført med 15 landskampar og eitt landskampmål. Scoringa kom i ein kamp mot Island.

- Desto flere år det går, desto lenger distanse var det. Jeg håper for guds skyld det ikke finnes opptak. Men jeg tror det var fra 30 meter og rett i krøsset, humra ho i et intervju med Dagsavisen i fjor.

I perioden 2009-2012 var Eli Landsem trenar for det norske landslaget. Under henne kvalifiserte laget seg til VM i 2011 og EM i 2013. I dag er ho sportsleg leiar for Vålerenga sitt damelag.

Ein skal vere forsiktig med å bruke ordet legende. Men Eli Landsem er etter mi meining veldig nær å fortene denne merkelappen. Ho var ei foregangskvinne, som viste rindalingane at det uoppnåelege faktisk var oppnåeleg. På nasjonalt nivå har ho i fleire tiår vore ei viktig drivkraft innafor damefotballen.

Norge kom ikkje vidare frå gruppespelet denne gongen. Men det går fleire tog. Ny trenar og ny giv trur eg kan gi store resultat. Fleire av spelarane, av desse to sunndalingar, er i verdsklasse. Det gjeld berre å få det beste ut av dei.