De gærne har'e godt

22.08.2022

Etter kva eg forstår, er det no samla inn rundt ein kvart million kroner til ein statue av kvalrossen Freya. Freya måtte bøte med livet, etter å ha farta rundt i ymse hamnebasseng i det tettast befolka området av landet vårt i fleire veker.

Eg meiner fiskeridirektøren fortener ros for at han tok affære. Det var heilt rett å avlive Freya. Gong på gong oppstod det farlege situasjonar - delvis fordi kvalrossen uventa dukka opp, og enda oftare som følge av at folk trudde Freya var eit leikelystent kjæledyr. Men som biolog Per Espen Fjeld uttala til VG: Du kan ikkje forvente at 1,6 millionar menneske skal dresserast til ikkje å bade i Oslofjorden.

Freya øydela båtar, og ho hindra normal ferdsel på badeplassar og i båthamner. Store ressursar vart bruka på vakthald og politiinnsats. Skulle Freya, eit livsfarleg rovdyr, berre får regjere så lenge ho fann det for godt? Ja, meiner tydelegvis mange.

Kvalrossbestanden i Nord-Atlanteren tel 30.000 dyr. Å ta ut eit enkelt individ, i dette tilfelle Freya, utløyser ingen økologisk katastrofe. Ein katastrofe ville det derimot ha vore, om ho for eksempel tok livet av ein unge. Eller, kanskje ikkje? Ein veit aldri kva livsfjerne fantastar kan finne på å meine.

Krigen i Ukraina, fare for global matkrise, høge straumprisar, rådyrt drivstoff og ei eksploderande rente gjer at dei fleste har opplevd brå vendingar i kvardagen sin. Vi høyrer stadig om folk som ikkje får endane til å møtast. Fortvilte nordmenn står fram og fortel at dei må spare på alt - til og med på maten. Dei er redde for framtida.

Mot dette bakteppet, verkar ei innsamling til minne om ein daud kvalross ikkje berre merkeleg, men direkte smaklaus. Det er tydelegvis mange som framleis har meir enn nok å rutte med. Dei burde heller ha gitt av si overflod til dei som er på veg mot fattigdom og utanforskap, framfor å bidra til finansiering av eit monument over Det Store Norske Egoet.

De gærne har'e godt.