Finn Eriksen og Herb Alpert – mine første heltar
Som gutunge var eg fast bestemt på å bli trompetist. Det vart eg da også - i alle fall nokre år fram til eg gjekk ut av ungdomsskulen,
Finn Eriksen (1937-2020) og Herb Alpert (1935- ) var mine to første musikalske heltar. Finn Eriksen sin «Smil Maria» tok nesten pusten av ein 11-åring. Plata kom ut i 1967, og var lenge fast inventar på slutten av Ønskekonserten. Andre store Finn Eriksen-hits var «Lappland», «Exodus», «Nidelven» og mange fleire.
Finn Eriksen var i mange år medlem av Kjell Karlsens orkester, som på 60-talet ofte var å sjå i TV-ruta. M.a. var dei med i det populære laurdagsprogrammet Tripp-Trapp-Tre i 1967, der sagnomsuste Smil til det skjulte kamera også var ein del av opplegget.
Eit minne frå barndommen som har brent seg fast, er da foreldra mine kom heim med ny platespelar og singleplata «Smil Maria» etter å ha vore på handletur i Kristiansund.
Herb Alpert var også fast gjest i Ønskekonserten på denne tida. For ein skulekorpsaspirant fortona trompetspelet til mannen seg som rein magi. Eg fekk låne eit notehefte med Herb Alpert-melodiar av ein kompis. Spelinga gjekk fort i stå. Eit slikt virvar av synkopar, pausar, 16-dels- og 32-delsnotar gjekk langt over hovudet på ein ambisiøs kvennbøgarding.
Nei, ein måtte nøye seg med å lytte til Herb Alpert. Og det var mykje å velje i. Fleire enn eg hugsar nok melodiar som «Spanish Flea», «A Taste of Honey» og «Tijuana Taxi».
Det var tider. Eg ber med meg minna, fordi beundringa av desse trompetgigantane heilt sikkert var med på å stake ut kursen for det som skulle bli min musikalske veg.
Lydkutt: Smil Maria
Lydkutt: A Taste Of Honey