Dramatiske minne på ein fredeleg dag
To hendingar, som toler merkelappen historiske, er knytta til 20. juni.
På denne dagen i 1985 vart Arne Treholt dømt til 20 års fengsel for politisk spionasje, halvanna år etter at han vart arrestert. Retten meinte at han hadde avslørt militære og politiske hemmelegheiter for KGM og iraksk etterretning, Treholt avviste påstanden om spionasje, men vedgjekk at han hadde gitt frå seg graderte dokument mot betaling.
Arne Treholt vart benåda i 1992.
20. juni 1963 vart rapporten om Kings Bay-ulykka på Svalbard lagt fram. Rapporten retta sterk kritikk mot sikkerheita i gruveverksemda på Svalbard, og saka resulterte til slutt i regjeringskrise. 21 gruvearbeidarar mista livet i Kings Bay-ulykka, mellom dei kvennbørgardingen Martin Polden.
Ap-regjeringa gjekk av i august 1963, etter at SF og Finn Gustavsen sikra fleirtal for mistillt. John Lyng frå Høgre danna ny regjering. Men det tok berre tre veker før Gerhardsen og mannskapet hans igjen var på plass i regjeringskontora.