Drosjebilen gjorde dramatisk rundkast

19.05.2022

Frå tid til anna opp gjennom åra har det skjedd trafikkulykker på vegen mellom Kvanne og Skei i Surnadal. Nokre har vore av det svært alvorlege slaget. I andre tilfelle har det heile enda godt for dei involverte.

I Tidens Krav for 23. april 1957, kan ein lese følgande tittel øvst på framsida: «Bilen ble totalt vrak - sjåføren var uskadd. Farlig bilhuhell i Surnadal i går».

Vi siterer heile artikkelen:

Et biluhell som kunne fått slemme følger, inntraff i går ved Ellevseth på Eidet mellom Kvanne og Surnadal, da venstre forhjulet på en drosjebil fra Kvanne eksploderte, med den følge at bilen skar ut av veien, krenget over på en kul like ved veikanten og landet på taket i veien. Både forstellet og karosseriet på bilen ble smadret, men som ved et under krabbet sjåføren ut av bilvraket uskadd. Bilen ble totalt vrak. Som bildet viser, ble førerhuset helt flatklemt.

Vegstandarden over Eidet var ikkje all verda på denne tida. Mange år skulle gå før det vart lagt fast dekke. Også vi som tok sertifikat på 70-talet, hugsar lausgrus og skumle kantar. Hamna ein utanfor gruskanten i for stor fart, kunne det lett bli ein tur ut i geografien.