Dyktige karar fekk den nye brua på plass

20.04.2021

Nyleg skreiv eg på denne sida om den provisoriske brua som vart bygd, etter at isen tok gangbrua ved Hyllbakkan i Kvenndalen i februar 2008.

Dyktige karar, med Endre Ellevset og Ole Johan Kvendbø i spissen, sveisa saman ei ny, permanent bru. 17. oktober 2009 var det dugnad, der det nye byggverket vart heisa på plass. Det må vere rett å seie at Ole Johan og Bjarne Holten var dei som tok dei tyngste og viktigaste taka under dugnaden.

Den nye brua vart heva ein god del i høve til den gamle. No har ho stått der i snart tolv år. Inntrykket mitt er at trafikken over brua aldri har vore større enn no. (Klikk på bilda i galleriet under for å gjere dei større). 

Tre bruer krysser Kvenndalen

Forutan Myrabrua nede på Kvennbøen, kryssar tre bruer Kvenndøla innover dalen. Den første finn du oppe på Hyllbakkan. Den vart bygd i 1999, og er den nyaste. Hengebrua ved Garden kom i 1951, medan gangbrua i Bekkjøya kom tidleg på 1980-talet.

Bildet til høgre er henta frå frå bygginga av hengebrua ved Garden, og viser Jon J. Polden (Gammelbu'n), som var med på arbeidet. (Klikk på bildet for å gjere det større).