Ei 58 år lang reise. Marius Lindvik overgår alt

12.02.2022

Med unntak av dei to konkurransane i 2006, har eg har sett alle OL-hopprenna i stor og liten bakke sidan 1964. Det som skjedde i Beijing 12. februar 2022 toppar alt. Marius Lindvik sikra norsk gull i storbakken - for første gong på 58 år.

Og for ein måte han gjorde det på! Da det gjaldt som mest, leverte Lindvik eit av dei beste skihoppa som verda nokon gong har sett. Det er euforiske tilstandar på Vebju denne februarlaurdagen, og vi legg på gullfarge.

Marius Lindvik er laga av noko heilt spesielt. Som type minner han meg om min store helt Bjørn Wirkola. Til liks med den tidlegare storhopparen er Lindvik kald, dristig, stilmessig heilt på topp og samtidig ein sympatisk kar med begge beina planta på jorda.

Mest skriv eg denne epistelen for å få ned puls og adrenalinnivå. Eg har ikkje, i motsetnad til Lindvik, landa enno. Eg sat i loftsstua og såg rennet. Heldigvis var ikkje Mette heime. Eg brølte, hoppa opp og ned i stolen og tørka tårar. Det oppstod nokre heilt spinnville sekund etter at Kobayashi sin poengsum kom opp på skjermen. Eg veit ikkje heilt kva eg gjorde.

Det har vore ei lang reise frå eg som åtteåring sat heime i stua og såg Toralf Engan ta OL-gull i storbakken i Innsbruck i 1964. Sidan den gongen har hopparar kome og gått - nokre med suksess, mange utan å lykkast. Den norske hopphistoria er lang og ærefull. Frå i dag står Marius Lindvik sitt namn der, med gullskrift.

Skihopping, seier eg berre.

Skihopping.

Quiz: Kva veit du om skihopping i OL?
Quiz: Kor mykje veit du om vinter-OL?