Ei tapper kone og ein god hyttenabo

12.07.2021

Eg beundrar kona mi Mette for utruleg mykje av det ho gjer og står for. Akkurat no beundrar eg ho nesten grenselaust for den innsatsen ho har lagt ned med å trene opp kneet sitt etter operasjonen 1. mars i år. Heilt sidan Mette kom heim frå sjukehuset har målet vore klart: Til sommars skulle ho greie å gå opp på Tæla igjen.

Torsdag 8. juli skjedde det. Mette meistra turen opp liene med glans, og ut på kvelden kunne vi sette oss ned og endeleg nyte det tradisjonelle spekematmåltidet første kvelden på hytta saman igjen. Ei stor stund for oss begge - og sjølvsagt aller mest for ho som hausta fruktene av fire månader med knallhardt arbeid.

Turen ned søndag gjekk også fint. Eg såg kor sliten den tapre kona mi var på slutten, men det ligg ikkje for henne å klage. Da vi sette oss i bilen, var konklusjonen klar: Ho gledde seg til neste tur. Og kanskje går det da an å presse marsjtida ned med eit kvarter?

For å unngå nokre bratte parti på stien om Haukarstokken, gjekk vi den gamle kløvstien. Han er ikkje så lett å finne for den som går der berre ein sjeldan gong. Men kva hadde skjedd? Jau, hyttenabo Bjarne hadde merka og rydda stien nokre dagar før vi kom.

Bjarne er ein ekte kamerat. Heil ved!