Ein dato for katastrofer

07.04.2021

To store katastrofer knyter seg til 7. april. På denne dagen skjedde både den store Tafjordulykka og «Scandinavian Star» sitt forlis.

Det var om natta den 7. april 1934 at tre millionar kubikk med stein rasa frå Langhammaren og ned i Tafjorden 700 meter under. Raset skapte ei enorm flodbølge, som tok livet av 23 menneske i Tafjord, der det på denne tida budde om lag 270 personar. Flodbølga gjorde også stor skade i nabobygdene Fjørå og Sylte. Totalt mista 40 menneske livet som følge av katastrofen.

Brannen om bord på «Scandinavian Star», som natt til 7. april 1990 var på veg frå Oslo til Frederikshavn, tok heile 159 menneskeliv. Det var 383 passasjerar og 99 besetningsmedlemmar på skipet. Det rår mange teoriar om korleis brannen oppstod, og det har i ettertid vorte avdekt at etterforskinga var mangelfull. Den mest utbreidde oppfatninga er at brannen var påsett.

Eit stykke norsk krigshistorie er at Aftenposten på denne dagen i 1940 trykte ei melding frå Berlin om at eit angrep på Norge var venta. Avisa vart ikkje trudd. To dagar seinare vakna nordmennene til eit okkupert land.