Ein historisk prestasjon
Dagen etter at eg las ut Silje Regine Bråthen si bok «Et møte med Maren», tar hovudpersonen i boka sølv i storbakken i Planica.
Det skulle eigentleg ikkje gå an. Stort vakrare kan ikkje idretten bli.
Fortsatt skjelven etter å ha gått amok i loftsstua etter begge hoppa til Maren, grip eg til tastaturet. Ja, det skal vere sant; andreplassen gjorde eit stort inntrykk på ein gammal hoppentusiast.
I og med at eg har boka så ferskt i minnet, kom det heile ekstra nært. Alle har vi fått med oss Maren Lundby sin kamp mot vekta og ein kropp som plutseleg ikkje spela på lag. Vi har sett ho står over ein heil sesong for å bli i stand til kome tilbake til bakken. Eg har av og til tenkt: For ein viljestyrke denne jenta har. Det hadde da vore lettare å legge opp, kvile på laurbæra og gjere andre ting.
Den som les «Et møte med Maren», vil lettare forstå kvifor akkurat Maren Lundby stod det krevjande løpet ut, og gjorde comeback som ein av verdas aller beste hopparar. Boka skildrar ein idrettsutøvar heilt utanom det vanlege. Ja, ho har ein viljestyrke av stål. Samtidig er ho reflektert, psykisk sterk og veldig klar over kva rolle ho har som forbilde både i og utanfor bakken.
Kor bevisst Maren er på det ansvaret som ligg i å vere forbilde, kjem særleg godt fram når ho i boka fortel om kvalene rundt det å gå ut med sanninga om vektproblema. På den eine sida hadde ho eit behov for å fortelje si historie, som mellom anna innebar at ho kom til VM i 2021 fire kilo for tung. Desse kiloa vart slanka bort på nokså brutalt vis. Samtidig var ho livredd for at hennar historie skulle inspirere unge jenter til å ty til uortodokse og usunne metodar for å gå ned i vekt. I ettertid kan vi vel seie at ho meistra denne balansegangen på framifrå vis.
Maren Lundby er ein av dei største idrettsutøvarane som Norge har fostra. Samtidig har ho gjort hoppinga til noko langt større enn berre det reint idrettslege. Totenjenta er vil for alltid bli huska som ei framståande likestillingskvinne, som på sitt stillferdige vis vann mange kampar mot fordommar, diskriminering og stokk konservative idrettspampar.
Sølvet i storbakken i Slovenia var like godt som gull. Ein historisk prestasjon, rett og slett. Eg gjer lagvennine Anna Odine Strøm til mine: «Det finst ikkje superlativ lenger. Vi har brukt opp alle».
Maren Lundby si merittliste inneheld eitt OL-gull. I VM har ho vunne to gull, fire sølv og fire bronse. Vidare har ho gått til topps i verdscupen tre gonger.
Les også: Den vakraste historia