Ein leiar av verkeleg format

21.03.2021

Det er forskjell på å vere sjef og leiar. Det siste er mykje vanskelegare enn det første.

Hopptrenar Alexander Stöckl er ein ekte leiar. Forutan å vere kanskje verdas beste hopptrenar når det gjeld det reint sportslege, viser han også gong på gong at han har omsorg for sine utanfor bakken. Vi hugsar korleis han stod fram nærast som ein far da Marius Lindvik måtte operere ei betent tann midt under Hoppuka. Alexander Stöckl tok jobben som privatsjåfør og følgde Lindvik til klinikken i Østerrike.

No les vi i rapportane frå Oberstdorf at Stöckl er den som sørger for mat på døra til isolerte Halvor Egner Granerud og mediesjef Steinar Bjerkmann, og sørger for at dei har det så bra som råd er.

Og ikkje nok med det. I staden for at Granerud skulle bli sittande for seg sjølv på eit hotellrom med takvindu heilt fram til 17. mars, har Stöckl klart å ordne ei leilegheit med terrasse for den uheldige hopparen.

Skihopparane har nesten ikkje vore heime sidan sesongen starta. Ein kan berre tenke seg kor trygt det må kjennast for dei dei som sit makteslause heime at trenaren stiller opp på denne måten når ulukka er ute.

Trenar, lagbyggar og omsorgsperson. Alexander Stöckl er ein leiar av verkeleg stort format.