Ein liten detalj

18.09.2022

Dette er ei lita historie frå opphaldet mitt på St. Olavs Hospital. I all si enkelheit handlar ho om noko som lett kan sjåast på som berre ein liten detalj. I meg sette ho derimot varig merke.

Eg var innlagt på St. Olavs Hospital i åtte døgn. Gjennom denne tida vart eg godt kjent med personalet. Deira kompetanse og botnlause omsorg for meg som pasient, gjer at eg aldri vil gløyme dei. Eg hadde sjølvsagt mest kontakt med pleiarane. Men også legane bar med seg akkurat den same auraen av ro og kjærleik.

Ein dag kom ein av legane inn på rommet mitt, og ville snakke litt med meg. Han sette seg på sengekanten, og lurte først på korleis eg hadde det. Detaljen som eg nemnte i starten, kjem no: Før han gjekk vidare i samtalen, la han handa si oppå mi.

Ytre sett ei enkel handling. Men samtidig var ho der og da så stor, fordi legen på denne måten fortalde at han brydde seg om meg. For meg som låg i senga, tilkopla ei mengd med slangar og leidningar, har denne episoden brent seg fast som eit sterkt møte med tryggleik og menneskeleg omtanke. Aldri før hadde eg opplevd ein mann i kvit frakk på ein slik måte.

Dagane etter operasjonen kravde sitt. Likevel vil eg for alltid bere dei med meg som eit vakkert minne. Eg er sikker på at den unike omsorgskulturen som hjartepasientane på St. Olavs Hospital blir møtt med, i seg sjølv er helsebringande.

Dette er tilsette som ikkje berre kan den medisinske delen av jobben sin. Dei er også menneske av gull.