Ein seksti år gammal rutetabell: Ting tok tid

11.10.2021

Ein gammal rutetabell for Surnadal Billag kan framkalle mange nostalgiske minne. Eg fann denne i Tidens Krav for 11. januar 1961. Surnadal Billag brukte da over ei halv avisside på å gjere det som i dag framstår som eit imponerande breitt rutetilbodet kjent.

Med ein far som i alle år jobba i selskapet, fekk eg allereie som liten gut eit spesielt forhold til Surnadal Billag. Det var stas å kome inn på billagsbygget på Øra og sjå alle bussane og det som foregjekk. Og enda gjevare var det sjølvsagt å få sitte på med bussen. 1961 var vel det året eg for første gong tok bussen til Trondheim. Som ein ser av tabellen, tok turen frå Skei den gongen tre timar.

Vegstandarden, i tillegg til dei mange ferjene, gjorde at reisene var mykje meir tidkrevjande enn i dag. Trondheim - Surnadal 3 timar, Trondheim - Kristiansund 5 timar, Trondheim - Molde 7,5 timar og Trondheim - Ålesund 9 timar - ja, det var andre tider. Surnadal Billag hadde ikkje direkteruter til Molde og Ålesund på denne tida. Bussane frå Surnadal korresponderte med Angvik Auto, som igjen hadde korrespondanse med Vestnesruten.

Lokalrutene er eit kapittel for seg. For seksti år sidan bidrog bussane til å knyte bygder og og nabobygder saman. I Surnadal og mange andre kommunar er den funksjonen i dag heilt borte.

Folk hadde betre tid i gamle dagar, og mange hadde ikkje bil. Vi ser t.d. at bussen frå Todalen brukte to timar på turen til Øra. I 1961 gjekk det også direkterute frå Todalen til Kristiansund. Turen, ein veg, tok over fire timar. Av denne tida gjekk ein halv time med til å kome seg frå Todalen til Nordvik!