Eit historisk svev

22.03.2021

To veker etter at han hadde vunne sitt andre VM-gull i Oslo, sette Bjørn Wirkola verdsrekord med 146 meter i Vikersund 13. mars 1966. Det var eit fenomenalt skihopp, som fekk 5x19,5 og 1x20 i stil av dommarane. Eg hugsar enno kor fantastisk vi tykte det var å sjå svevet i sakte film på Sportsrevyen om kvelden.

Stilkarakterar var diskusjonstema også for 55 år sidan. I avisene var det påpeika at dommaren som ga 20 var for raus, da Wirkola eit lite sekund på veg over kulen så vidt var ute og styrte med høgrehanda. Elles kan ein vel seie at hoppet har gått inn i historia som eit av dei aller vakraste. 146 meter var ubegripeleg langt i 1966.