Eit ikonisk hopp og norske OL-heltar

07.08.2021

Det første sommar-OL eg hugsar gjekk som i år i Tokyo. Året var 1964, og i Utigard Kvennbø hadde vi fått fjernsyn. Vi såg alt vi kunne sjå. Men tidforskjellen var da som no heilt håplaus.

Eg har framleis mange av resultata frå vinter-OL i Innsbruck dette året i hovudet. Frå Tokyo-leikane er det derimot ingen tal eller tider som har festa seg i minnet. Truleg er det fordi Norge ikkje tok ei einaste medalje. Den nordmannen som gjorde seg mest bemerka var kronprins Harald. Han var norsk flaggberar.

Fire år seinare var det sommar-OL i Mexico City. Her tok Norge eitt gull (padling) og eitt sølv (segling). Men det heilt uforgløymelege høgdepunktet var Bob Beamon sitt fantomhopp i lengde. Amerikanaren hoppa 8,90 meter, og slo den gamle rekorden med heile 55 cm. Bob Beamon vart eit ikon, og rekorden ikonisk. Det skulle gå 23 år før Mike Powell frå USA hoppa 8,95 meter. Den rekorden står enno.

Eg skriv dette på ein dag som vil gå inn i historia som ein av dei største i norsk olympisk historie. Først tek Norge gull i sandvolleyball, og deretter leverer Jakob Ingebrigtsen eit løp ut av det hinsidige og vinn 1500 meter. Han set til overmål olympisk rekord. Karsten Warholm vart olympisk meister på 400 meter hekk og signerte løpet med verdsrekord. For nokre utøvarar vi har! Tokyo-resultata frå 2021 kjem eg aldri til å gløyme.

Så langt har Norge tatt sju medaljar, av desse fire gull, to sølv og ein bronse. I sommar OL-samanheng er dette sensasjonelt bra. Og enno er det ikkje heilt slutt.