Eit lite tilbakeblikk: Heftet som vart til fem bøker

03.06.2022

Minne som dukkar opp på Facebook byr på mange triveleg gjensyn. Men dei fortel også at åra går.

I desse dagar er det sju år sidan eg, Torbjørn og Erling ga ut Søyådalsboka. Sjøve lanseringa skjedde i Bondehuset under Vårsøghelga. Ikkje anna enn eg hugsar, møtte rundt hundre personar opp.

Bildet over er frå NMS Gjenbruk på Skei, der vi nokre dagar seinare signerte bøker. Gjenbruksbutikken hadde salet av Søyådalsboka. Dette var eit grep vi gjorde for å unngå den store provisjonen som bokhandelen krev. Damene på NMS Gjenbruk såg noko meir idealistisk på saka.

Søyådalsboka kom ut fire og eit halvt år etter Kvenndalsboka. Etter desse to arbeidskrevjande bøkene såg vi vel eigentleg for oss at jobben var gjort. Men slik gjekk det ikkje. Det vart tre bøker til; Under Skarfjellet 1, 2 og 3. Den siste av desse kom ut før jul i 2019.

Under arbeidet med bøkene fekk vi til fulle oppleve at vegen blir til medan ein går. Da vi starta innsamlinga av stoff om Kvenndalen, såg vi i utgangspunktet for oss eit hefte. Men tidleg i arbeidet forstod vi at potensialet var mykje større enn som så. Det vart ei bok på nesten 200 sider.

Etter eit kvileår i 2011, bestemte vi oss for å lage ei bok om Søyådalen. Planane var heller ikkje denne gongen så ambisiøse. I staden vart prosjektet eit kjempeløft. Stofftilfanget gjorde at vi enda opp med ei bok som var rundt 100 sider tjukkare enn Kvenndalsboka.

No måtte det vel vere nok? Vi diskuterte fram og tilbake, og landa på at vi skulle manne oss opp og gje ut ei bok til - i hovudsak basert på bilde som ikkje hadde kome med i dei to første bøkene. Men også her kom situasjonen raskt ut av kontroll. Bildeboka vart i staden til tre bøker med lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda.

Ja, slik kan det gå når folk ikkje veit sitt eige beste... Når det er sagt: Arbeidet med dei fem bøkene var ein periode i alle fall eg aldri kunne ha tenkt meg å vere forutan. Eg er heilt sikker på at Torbjørn og Erling ser det på same måten. Bokarbeidet skapte eit sterkt vennskap mellom oss tre. Vi lærte mykje og inspirerte kvarandre. Eller som dei seier i Kompani Lauritzen: Vi vart enda betre versjonar av oss sjølve.

Du kan lese meir om bokprosjekta våre her.