Eit nyskapande geni

27.11.2022

Han døydde 18. september 1970, vel to månader før 28-årsdagen sin. 27. november 2022 ville Jimi Hendrix ha fylt 80 år.

Ingen som vart fanga av musikken på 60- og 70-talet, kunne unngå kome borti Jimi Hendrix. Han sette veldig tydeleg spor, både gjennom konsertar, plateinnspelingar og som inspirator for andre gitaristar heilt fram til vår tid. Jimi Hendrix er rekna som ein av dei mest nyskapande kunstnarane i rocken si historie.

Jimi Hendrix fekk ein kort og hektisk karriere. Han vart først kjent i 1966, saman med bandet sitt The Jimi Hendrix Experience. Medan han levde, rakk Jimi Hendrix å gi ut fem album. Etter 1970 har det kome ut haugevis med samleplater og anna materiale som han etterlet seg. Blant desse anbefaler eg gjerne The cry of love (1971), der låta Hey Joe er med.

Som konsertartist var Jimi Hendrix ein sensasjon. Han kunne spele med tennene, eller halde gitaren bak nakken. Ingen hadde gjort noko slikt før. Han gjekk heller ikkje av vegen for å knuse gitaren og sette fyr på den. Eit av kjennemerka til Hendrix var at han spela gitar venstrehendt. Til å skrive brukte han høgre.

Som mange av sine samtidige i bransjen, var Jimi Hendrix romsleg i omgangen med narkotika. Han døydde i ei leiligheit i London, etter å ga tatt ni sovetablettar av merket Vesperax saman med vin.

Jimi Hendrix var eit geni. Eit eksentrisk geni, som levde seg i hel. Dei meir enn femti år gamle platene hans fortel at han som musikar og komponist låg langt framfor si tid. Derfor desse linene på 80-årsdagen hans.