Eit saftig uyttrykk

22.09.2021

Tidleg på 60-talet lærte eg eit ord som eg sidan aldri har gløymt: «Høkkublåsar». Karane brukte dette ordet når dei tala om boksing, som tidleg på 60-talet kunne vere eit samtaleemne blant fredelege eidsbygger.

Boksing har aldri vore praktisert på Eidet, i alle fall ikkje i organiserte former. Men folk las Tidens Krav og Romsdalsposten, og fekk med seg at svensken Ingemar «Ingo» Johansson slo Floyd Patterson og tok VM-tittelen i tuingvekt. Det skjedde på denne dagen i 1959. Eg har inntrykk av det vekte ei viss interesse.

Sjølve bokseterminologien var det vel ingen som forstod seg på. Å seie «uppercut» vart for avansert. Men «høkkublåsar», derimot, den satt!