Ekte idrettsutøvarar – herrefotballen har mykje å lære

27.07.2022

Fotball-VM for damer har vore ein einaste stor fest. Vi har sett fulle tribuner og idrett på eit delvis svært høgt nivå. På toppen av det heile: Spelarane viser at det framleis er plass for fair play i toppfotballen.

Mange av kampane i VM har vore både tøffe og tette. Men dette er kvinner som står for ein støyt - slik topptrente utøvarar i ein kontaktidrett faktisk skal gjere. Kontrasten til dei overbetalte skuespelarane på herresida, som ligg og rullar seg i graset for den minste dytt, er slåande.

Som ein digresjon kan det leggast til at eg har funne ut at det finst tre typar rulling: 1. Rulling med med hjarteskjerande grimasar. Som regel er ikkje tilstanden verre enn at spelaren blir lei av å ligge nede etter berre kort tid - om dommaren vel å oversjå tullfaktene. 2. Rulling med vinking. Dette betyr at helsepersonell må ut på banen for å for å få den hjelpetrengande til å forstå at han er uskadd. 3. Rulling med banking i grasmatta. No er det alvor. Pasienten prøver å få oss til å tru at han er på veg over til den andre sida, og innbiller seg kanskje at han ser glimt av engelen Gabriel. Ein runde med sprayflaska fjernar som regel både innbilte smerter og synet av engelen.

Under heile dame-VM har dette slått meg: Du verda kor befriande det er å sjå forballkampar utan skuespel, stygge etterslengar, knuffing, krangling, tjuvtriks, kjefting på dommaren og utspekulert uthaling av tid.

Fotball er ein genial idrett. Men innafor herrefotballen har det dessverre utvikla seg ein kultur som er direkte øydeleggande. Filming og sabotasje er i dag ein naturleg del av spelet. Slike ting burde ha i staden ha vore straffa knallhardt.

Konklusjon: Når det gjeld fair play og folkeskikk ute på banen, har dei mannlege spelarane verkeleg mykje å lære av damene. Men vil dei ta lærdommen til seg? Neppe.