Facebook gjorde dagen lysare

18.07.2022

Eg har vore ute på ein liten sykkeltur. Det var motvind, uansett kva retning eg køyrde i. Og sjølvsagt: Litt regn låg i lufta.

Slik går nu dagan, som det heiter. Eg kan ikkje hugse makan til dårleg sommar. Likevel er nok sanninga at eg har opplevd både ein og fleire som har vore verre enn denne. Manns minne rekk ikkje så langt. Men når den eine veka utan sol avløyser den andre, blir ein i alle fall lei. Akkurat no kjennest denne sommaren som den mest miserable i mi tid.

I eit samtaleprogram om etikk på P2 for ei tid sidan, vart det diskutert om vi har lov til å klage på noko som helst, når krigen i Ukraina rasar og hundrevis av menneskeliv går tapt kvar dag.

Panelet vart einige om at sjølvsagt har vi lov til å klage, når vårt eige liv ikkje går som planlagt. Livet og kvardagen er jo det viktigaste kvar og ein av oss har. Men i lys av alt det triste som skjer ute i verda, bør vi samtidig koste på oss å tenke over kva vi eigentleg klagar over, og sette vår eigen klagesong i perspektiv, vart det sagt. Eg tykte konklusjonen var fornuftig.

Derfor klagar eg på veret med godt samvit. Verda blir heller ikkje ein betre stad, om eg går rundt og lyg om at eg nyt dette evige møkkaveret.

Når versjuka angrip kropp og sjel, hender det at minna på Facebook kjem og kastar lys over negative tankar. Det skjedde i dag. Da eg slo på PC'en, vart eg møtt av eit Tæla-bilde frå 18. juli 2018. «Sommarkveld på Tæla. Regn, sol og skodde kappast om å vinne», står det i bildeteksten.

Når sola forsvinn bak hyttenova og sender dei siste strålane sine inn over stølen, er sommarkveldane på sitt mest magiske oppe på Tæla. Eg skal ikkje dit med det aller første. Men eit bilde som minner om kva ein har å gle seg til, er heller ikkje å forakte.

I grunnen var det akkurat det eg trong, etter ein bister sykkeltur på nok ein grå og vindfull dag.