Får Siv eit sviande nederlag i avskjedsgåve?

23.02.2021

Plutseleg ville ikkje Siv Jensen meir. Frp-leiaren kjøpte seg hund, og peika på Sylvi Listhaug som sin etterfølgar. Som nestleiar vil Jensen ha Ketil Solvik-Olsen. Med denne kombinasjonen av ei rabiat og ein moderat, vil Frp vere i stand til å vidareføre den dobbeltkommunikasjonen som partiet alltid har vore så avhengig av.

At avtroppande leiar utpeikar etterfølgaren er ikkje så vanleg i eit demokratisk partisystem. Vi kjenner helst metoden frå Kina, Nord-Korea og liknande land. Ved å kuppe valprosessen på denne måten, set Siv Jensen også valkomiteen og landsmøtet i ein skvis. No har partiet valet mellom å la Jensen få viljen sin, eller å gje ho eit sviande nederlag i avskjedsgåve. Jensen sitt ettermæle ligg faktisk i potten.

Den som bryr seg aller minst om akkurat det, er nok Sylvi Listhaug. Ho felte eit par krokodilletårar da Siv Jensen varsla sin avgang, men tørka dei fort vekk. Det som skjedde var akkurat det ho har venta på. No kan ho på sitt eige vis starte arbeidet med det ho kallar reindyrking av partiprofilen. I praksis vil det seie å opptre som kynisk og populistisk urokråke. Politisk kvarter tirsdag 22. februar var ein forsmak på kva vi har i vente.

Politisk redaktør i Aftenposten, Kjetil B. Alstadheim, formulerer det slik: «Dyrking av misnøye er en kunst Frp mestret før i tiden. Listhaug kommer til å raffinere den igjen. Det betyr en ganske grenseløs holdning til bruk av penger».

Så gjenstår det å sjå om vegen til partileiarstolen blir så enkel som det no er lagt opp til. Reaksjonane frå partigrasrota på «utnemninga» av Listhaug har så langt vore blanda. Det finst framleis mange i Frp som meiner at vegen til politisk gjennomslag går gjennom samarbeid og kompromiss.

Den påtenkte leiaren er ikkje blant dei. Det borgar for mykje Frp-sirkus framover.