Folkefesten som forsvann

14.03.2023

14. mars 1993 vann Espen Bredesen det spesielle hopprennet i Holmenkollen. På den tida var holmenkollsøndagen framleis ein folkefest.

Tretti år seinare er holmenkollhelga ei falma storheit. Dei utlendingane som enno satsar og hevdar seg i langrenn, tar seg ikkje eingong bryet med å stille opp. Hopp og kombinert har god internasjonal breidde i toppen. Men folket uteblir. Under dei to hopprenna i år, var det så glissent på tribunene at bilda frå åra med 50.000 tilskuarar framstår som ein slags science fiction frå fortida.

Det er heller ikkje berre i Holmenkollen at publikum sviktar. Når hoppsirkuset kjem til Lillehammer, går konkurransane så å seie utan publikum. Det har skjedd i mange år no. I eit forsøk på å trekke folk til bakken, freistar arrangørane i 2023 med gratis inngang til alle Raw Air-renna i Lysgårdbakken. Det gjenstår å sjå kva som vart effekten. Kontrasten til eit land som Polen er enorm. Der møter 20.000 menneske opp for å sjå treningsomgangane i hoppbakken.

Etter årets temmeleg blasse holmenkollhelg, har det kome opp ein diskusjon om kva som må gjerast for å gjenreise folkefesten. Det skal bli spennande å sjå kva grep som eventuelt kjem på bordet. Eg har ikkje gode forslag å kome med på ståande fot, bortsett frå at eg trur det hastar. Denne epistelen er vel meir som eit hjartesukk. Men utlendingane får det altså til. Da bør vel heller ikkje vi her oppe i steinrøysa, som visstnok kjem til verda med ski på beina, vere noko dårlegare?

Apropos dette med å snu på flisa. Espen Bredesen, som vart nemnt innleiingsvis, er ein idrettsutøvar som verkeleg viste oss at det går an å forandre ein negativ trend til stor opptur. Under OL i Albertville i 1992 vart han heilt sist. Espen Bredesen vart dømt nord og ned som skihoppar. Kva skjedde i 1993? Han vart verdsmeister i stor bakke og laghopp,  og vann i Holmenkollen. Sesongen etter tok han OL-gull på Lillehammer, og vann i tillegg både hoppuka og verdscupen. Bredesen si reise liknar mykje på den som Halvor Egner Granerud seinare gjorde. Frå eit håplaust utgangspunkt, greidde begge i løpet av sensasjonelt kort tid å bli best i verda.

Det meste er altså mogleg. Vi får håpe at det også går an å blåse nytt liv i skirenna i Holmenkollen og på andre norske skiarenaer.