Førti år sidan curacitdommen

11.03.2023

11. mars 1983 vart Arnfinn Nesset dømt for 22 drap ved ein sjukeheim i Orkdal. På det tidspunkt var dette den største norske drapssaka fredstid.

Med Nesset-saka fekk folk lære om det andedrettslammande stoffet curacit. Nesset tilstod i retten å ha drept 27 menneske ved å sette sprøyter curacit. I retten trekte han denne tilståinga tilbake, og nekta for alt.

På det meste omfatta etterforskinga rundt 60 drap. Dommen enda til slutt med at Nesset vart dømt til fengsel i 21 år for drap på 22 pasientar. Dommen omfatta også nokre tilfelle av dokumentforfalsking og underslag. Etter plettfri vandel i fengselet, vart Nesset etter 12 års soning lauslaten i 2004. Han skifta identitet, og har sidan levd på ein hemmeleg stad i Norge.

Dommen har i ettertid vore mykje diskutert. Fleire kritiske røyster meiner at et ein del av bevisa som låg til grunn for dommen ikkje heldt mål.

– Eg meiner ikkje at Arnfinn Nesset er uskuldig dømt. Men han er dømt med svake bevis på ei lang rekke punkt, uttala NTB-journalist Skjalg Fremo til NRK for ti år sidan.

Hovudaktor Olaf Jakhelln var på si side ikkje i tvil om at rett dom vart avsagt.

I 2020 sendte TV2 den svært sjåverdige dokumentarserien Seriemorderen fra Orkdal.