Framsynte bøfjordingar satsa på hyttebygging

15.10.2021

Bøfjorden er ein populær plass å slå seg ned på for folk som vil bygge hytte. Dei mange hyttene som har kome dei siste åra, gjer at bygda har fått nytt liv og aukande aktivitet.

For femti år sidan var hyttebygginga i Bøfjorden heilt i startgropa. Laurdag 2. oktober 1971 hadde Tidens Krav ein reportasje om det lokale firmaet Åsi-Tre, som da hadde starta bygging av hytter for sal ved Åsskardfjorden.

Mykje har skjedd siden den gongen. Åsi-Tre er er ikkje meir, men ideen om å satse på hyttebygging i Bøfjorden var svært framtidsretta. Det ser vi i dag.