Ein overraskande avgang

14.11.2021

14. november 2021 er det nøyaktig 70 år sidan Einar Gerhardsen overraskande ga frå seg statsministertaburetten til Oscar Torp. Gerhardsen hadde da vore statsminister sidan 1945, og trekte seg av personlege grunnar.

«Seks og et halvt år synes jeg under alle omstendigheter kan være nok, så meget mer som det i etterkrigstiden nødvendigvis måtte bli en særlig hard belastning for den som skulle være sjef for regjeringen. I lengden blir det en hard påkjenning for en enkelt mann», uttala Gerhardsen m.a. i pressemeldinga som vart sendt i samband med avgangen.

Både han og etterfølgaren, Oscar Torp, understreka sterkt at skiftet skjedde på ein uproblematisk og konfliktfri måte. Gerhardsen sa til og med at han tvila på om landet nokon gong hadde hatt ei regjering der samarbeidet var så bra.

Det siste var vel neppe sant. Men journalistane var servile og autoritetstru på denne tida. For ein gammal pressemann er det interessant å sjå korleis avisene omtala skiftet av statsminister. Den ferdigfriserte pressemeldinga vart slukt med hud og hår, og kritiske spørsmål eksisterte praktisk tala ikkje. Det pompøse oppslaget til Nordlands Framtid (sjå illustrasjonen) er eit godt bilde på at Gerhardsen og Torp ikkje trong å frykte pågåande journalistar. Media, og NRK i enda verre grad enn avisene, spela som oftast ukritisk på lag med makta.

Da Torp tok over som statsminister, gjekk Gerhardsen inn i Torp sitt verv som parlamentarisk leiar. Men det skulle altså ta mindre enn fire år før han igjen vart statsminister. Hausten 1954 spreidde det seg misnøye med regjeringa internt i Arbeidarpartiet på grunn av manglande tiltak mot prisstigninga. Gerhardsen ba til slutt Torp om å gå ut av regjeringa, og tok deretter over som statsminister igjen i 1955.

Med unntak av eit drygt tre vekers avbrot som følge av Kings Bay-saka i 1963, regjerte da Gerhardsen fram til 1965. Arbeidarpartiet tapte valet det året, og Per Borten danna si firepartiregjering.