Kongen som indre Nordmøre ikkje ville ha

18.11.2021

18. november 2021 er er det på dagen 116 år sidan eit samrøystes Storting valde danske prins Carl til Norges nye konge. Han tok namnet Haakon VII. Vedtaket vart fatta mot viljen til fleirtalet av folket i Surnadal, Øksendal og Rindal.

Ei folkeavrøysting nokre få dagar i forkant av stortingsvedtaket viste overveldande fleirtal for monarki, etter at unionen med Sverige var oppheva. 259.563 (78,9 %) stemte ja og 69.264 (21,1%) stemte nei. Før avrøystinga hadde regjeringa allereie lansert prins Carl som sin kandidat, og samstundes gjort det klart at den ville gå av om folket sa nei.

Sjølv om svaret frå folket var tydeleg, fanst det store avvik frå det samla landsresultatet. På indre Nordmøre skulle det vise seg at republikken stod sterkt. I Surnadal sa heile 65,7 prosent nei til monarkiet og prins Carl. I Øksendal fekk neisida 64,6 prosent og i Rindal 54,9.

Kong Haakon besøkte Surnadal i 1931. Derimot reiste han aldri til Røros, der 72,5 prosent sa nei til monarki. Det er sagt at dette var eit tal kongen beit seg merke i. Om han nokon gong besøkte Hattfjelldal i Nordland er ukjent. Der ville heile 85,1 prosent av dei som stemte ha republikk.