Tømmerhoggaren som fekk Sophia Loren på fanget

10.02.2022
Hallgeir Brenden med Sophia Loren på fanget. Eit berømt bilde.
Hallgeir Brenden med Sophia Loren på fanget. Eit berømt bilde.

Mellom alle konkurransane i Beijing, kan det vere på sin plass å minnast ei stor langrennsstjerne frå gamle dagar, Hallgeir Brenden. Han var født 10. februar 1929, og ville ha fylt 93 år i dag. Storløparen frå Trysil gjekk ut av tida 21. september 2007, 78 år gammal.

Eg veit ikkje kvifor, men på ein eller annan måte har Brenden alltid mint meg om Hjallis. Heilt like som typar var dei nok ikkje. Men kanskje har det noko med at Brenden, som Hjallis, alltid var blid og hyggeleg? Eg trur det. «Evnen til engasjement preget ham både i idretten og i all hans ferd. Det kom alltid en replikk eller mening med fynd når han ble spurt om noe, og humøret hans spredte ringer rundt ham», skreiv avisa Østlendingen i sin nekrolog.

Eg er akkurat for ung til å ha noko forhold til Brenden som aktiv utøvar. Da eg begynte å finkjemme sportssidene i Adresseavisen, hadde han lagt opp. Men faren vår, som var svært sportsinteressert, prata ofte om Brenden. Og så var det denne magiske boka «Sportsrevyen 1955», med eige bilag om vinter-OL i 1956. Der stod det mykje om Brenden. Alt var slukt, fordøydd og lagra for ettertida.

Hallgeir Brenden tok to OL-gull. Han vann 18 km i Oslo i 1952, og 15 km i Cortina d'Ampezzo fire år seinare. I tillegg har han OL-sølv i stafett frå 1952 og Squaw Valley i 1960. Gjennom karrieren tok Brenden 23 NM-medaljar. Av desse var 12 gull, ni individuelt og tre i stafett. Tryslingen var også ein svært habil friidrettsutøvar. Merittlista viser NM-gull på 3000 meter hinder i 1953 og 1954, samt NM-sølv på same distanse i 1952.

I si samtid var Brenden ein av dei første som systematisk begynte å trene teknikk. Vi saksar frå nekrologen i Østlendingen: «På sin første tur til Finland ble han og nordmennene slått av finner som hadde en helt annen fart på flatene. Hallgeir så at det handlet om teknikk, og brukte øynene flittig. Da han kom hjem til Tørberget, gikk han opp et godt spor på ei stor myr. Så fikk han låne med seg kjøkkenklokka av mor si, for den hadde stor sekundviser. Den satte han på en stubbe, og så begynte eksperimenteringen. Med flere ulike teknikk-variasjoner tok han tida på test-distansen, til han var sikker i sin sak. Så begynte treningen på de nye detaljene. Mange sekunder ble vunnet».

Brenden forstod også at heilårstrening måtte til. Han løyste dette ved å bu i Oslo og drive med friidrett om sommaren. Så flytta han heim til Trysil når hausten kom og skisesongen nærma seg.

Bakgrunnen til Hallgeir Brenden var den klassiske på denne tida. Han var bonde og tømmerhoggar. Slike typar vart det langrennsløparar av. Det er eit langt sprang frå dette så typisk rotnorske og beskjedne, til det som skulle bli eit berømt bilde av Brenden og filmstjerna Sophia Loren. Loren besøkte den norske leiren etter 15-kilometeren i Cortina d'Ampezzo. Da ho like godt sette seg på fanget til gullvinnaren, passa fotografar frå heile verda på å feste hendinga til filmen.

I 2005 vart det reist ein statue av Hallgeir Brenden ved rådhuset i Innbygda.

Kjelder: Wikipedia, Store norske leksikon og Østlendingen.