Lat oss slutte med dette

21.11.2021

Koronaviruset sine herjingar grip inn i små og store rutiner i kvardagen. Blant alt det nye vi har lært, er at handtrykket er smittefarleg.

Endeleg, vil eg seie. Det er sjølvsagt ikkje slik at handtrykket først begynte å spreie smitte da koronaviruset starta si vandring rundt om på kloden. Handhelsing har alltid vore ein menneskeleg vane til glede for alle virus og basillar.

Smittevernekspert Audun Helge Nerland gjekk tidlegare i år ut i VG og tok til orde for at vi bør slutte å handhelse og klemme når vi møter andre menneske. For godt. Eg støttar tanken hundre prosent. Slutt på klamme handtrykk med personar som nyleg har pussa nasen, klødd seg i øret eller tørka seg bak - det er noko vi lett bør venne oss til.

Gjennom pandemien har det dukka opp nye og kreative måtar å helse på. Ein er å legge høgre handa over hjartet og samtidig bukke. Verdig, fint og smittefritt. Den har eg sans for.

Lat oss slutte med handhelsinga - og, for all del, fortsette med handspriten.