Heilt great, for nokre få

28.05.2021

Her i vinter var eg ein tur på Rørøs. Det einaste hadde med meg derifrå, var denne framifrå t-skjorta.

Som regel blir det til at vi handlar på Bunnpris her i huset. Men eg slår gjerne eit slag for samvirkelaget, og ikkje minst den nostalgiske S-en. Det vart liksom litt meir urbant på Eidet, da skiltet med oransje S på kvit bakgrunn kom opp på bua ein gong på 60-talet.

Så kan ein vel seie at samvirkelaget ikkje er kva det ein gong var. I dag badar toppsjefane i Coop-systemet i milllionlønningar. Sjefen over alle sjefar i Coop Midt-Norge har ei årsløn verdt meir enn 11 millionar kroner. Medlemmane sit på si side att ribba for makt og med eit berre symbolsk kjøpeutbytte.

Det er med andre nokre få som har det veldig great, medan mange tilsette rundt om i butikkane jobbar på minstelønn.