Helgemesse - og vi kunne gle oss til vinteren

01.11.2021

Kalenderens viser november. Det er framleis haust. Men for ein godt vaksen kvennbørgarding gir november også sterke assosiasjonar til vinter. November ga nemleg håp om snø og skiføre. Vintrane var annleis før. På 60-talet kunne snøen legge seg sist i november der eg vaks opp. For gutar som var ferdige med fotballsesongen og berre venta på skiføre, var det kjærkome. Det skulle ikkje mange centimetrane til før dei første dårene var gått opp nede på ekrene.

1. november er helgemesse, eller allehelgensdag. Dagen er ei kristen høgtid som i den katolske og mange lutherske kyrkjer blir feira i byrjinga av november. Wikpedia skriv vidare: I kyrkjer med helgenar minner ein alle helgenane ein ikkje kjenner namnet på denne dagen. I desse og andre tradisjonar er det også vanleg å minnast vanlege døde. Helgemesse vert i Den norske kyrkja feira første søndagen i november, medan han ligg fast på 1. november i katolsk og anglikansk tradisjon. Dagen før helgemesse er kjend som allehelgensaftan eller halloween. Dagen etter feirar nokre kyrkjer også alle sjelers messe.

Primstavmerket er eitt eller fleire kors, men også eit skip. Skipet skulle symbolisere den kristne kyrkja, men det vart også oppfatta som eit teikn på at skipsfarten skulle opphøyre for året.

I folketrua er helgemesse nært knytta til veret. I heile Sør-Norge venta ei helgemesseflaumen på allehelgensdagen, som eit resultat av mildver og sludd. I Østfold trudde folk at dersom det regna på denne dagen, ville regnet vare i sju veker. Snø før helgemesse ville gje sein vår, trudde folk i Hordaland, medan trønderane meinte at sol førte til eit godt år.