«Ein mann som sit på Stortinget, står ikkje på stand og seier til ei vilt framand jente at han har lyst til å sjå håret hennar»

07.09.2021

Christian Tybring-Gjedde er sikkert ein triveleg kar på privaten. Som Frp-politikar kan han derimot vere motbydeleg.

Av alt det denne høgreorienterte populisten har sagt og gjort opp gjennom åra, tek episoden der han baud ei 15-åring jente tusen kroner for å ta av seg hijaben kaka. Ein slags auksjon på jentas identitet, altså. Stortingspolitikarar gjer ikkje slikt! Ein mann som sit på Stortinget, står ikkje på stand og seier til ei vilt framand jente at han har lyst til å sjå håret hennar.

«Jeg sier rett ut det mange ikke tør si: Jeg liker ikke hijab», skriv Tybring-Gjedde på Facebook, og legg til at «hun ville ikke tjene noen raske penger». Noko så respektlaust. For eit menneskesyn!

Det er heilt sikkert fleire som ikkje likar hijab. Men dei held kjeft, og oppfører seg som folk. Å sjikanere ein 15-åring er ingen politisk heltedåd.

Menneska på jorda har sine røter i ulike religionar og kulturar. Folk har forskjellig hudfarge. Christian Tybring-Gjedde har meir enn ein gong latt oss forstå at han meiner det er kvite og kristne nordmenn som eig definisjonsmakta når det gjeld korleis vi skal oppføre oss og praktisere tru og tradisjonar i dette landet.

Haldningane framkallar assosiasjonar som eg ikkje skal utbrodere meir her og no.

Sylvi Listhaug klarte å få ut av seg at «slik som dette skal det ikkje vere», da ho vart konfrontert med kva Tybring-Gjedde hadde gjort. Men beklage, det vil ho ikkje. Eller rettare sagt, ho kan ikkje. Det brunskimra segmentet i veljarmassen på ytre høgre fløy likar å høyre det Christian-Tybring Gjedde seier. Røystene til desse menneska er for verdifulle til at ein kynisk partileiar kan ta sjansen på å seie unnskyld til ei muslimsk jente.