I dag saknar vi Mikhail Gorbatsjov
I ei mørk tid for Europa, kan dette vere ein dag for å minnast tidlegare president i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov. Han vart født 2. mars 1931, og har dermed nådd ein alder av 91 år.
Etter fleire tiår med kald krig og opprusting, skapte Gorbatsjov lys og håp over både Europa og resten av verda. Han kom til makta i 1985, etter at forgjengarane Leonid Bresjnev, Jurij Andropov og Konstantin Tsjernenko i tur og orden døydde i 1982, 1984 og 1985.
Mikhail Gorbatsjov reformerte sovjetsamfunnet under parolane glasnost (openheit) og perestrojka (omstrukturering). Også globalt jobba han iherdig for dialog og fred, og fekk slutt på våpenkappløpet med USA.
Det gjer inntrykk å lese Wikipedia si skildring av Gorbatsjov sitt tredje besøk i USA i 1987, der han møtte president Ronald Reagan. Gorbatsjov og kona Raisa vart køyrt rundt i Washington. Da den russiske presidenten fekk sjå dei enorme folkemengdene som hylla han, gjekk han ut av bilen og begynte å omfamne folk og handhelse på dei som stod langs køyreruta.
Magasinet «Time» kåra Mikhail Gorbatsjov til «Årets mann» i 1987. Tre år seinare vart han tildelt Nobels fredspris.
Slutten på den kalde krigen og muren sitt fall utgjorde eit historisk tidsskilje. Sjølv om den ikkje heilt tilreknelege Boris Jeltsin etter kvart kom til makta i Russland, såg dei færraste for seg at utviklinga skulle ta ei ei retning som til slutt utløyste ein ny krig i Europa tretti år seinare.
Vladimir Putin greier ikkje å skjule at han har ambisjonar om å gjenreise den gamle Sovjetunionen. Han står verken for glasnost eller perestrojka. Putin driv Russland i stadig meir totalitær retning, fjernt frå det som Gorbatsjov stod for. Det er skremande å sjå likskapen med Stalin og Hitler.
Korleis dette skal gå, veit vel ingen. Lars Peder Haga, som har doktorgrad i sovjetisk historie, seier til VG at fleire andre land har grunn til å kjenne seg utrygge, om Putin greier å legge Ukraina under seg. Han nemner Kviterussland, der president Lukasjenko meir eller mindre fungerer som ein nyttig idiot for Putin. Georgia og Litauen blir også trekt fram som potensielle angrepsmål.
Igjen ser vi at ein enkelt psykopat med stor makt og mykje militærmakt er i stand til å destabilisere verda. Historia gjentar seg. Det er utrivelege tider. I dag saknar vi Mikhail Gorbatsjov. Verkeleg.